Gå til hovedinnhold

Montasje med tre bilder: Kvinne smiler til kamera, PC-skjerm med lydbølger, hvalfinne i bølger framfor iskledd fjell

I fleire månadar har Linn lytta til kvart minste, vesle pip på lydopptaka frå Sørishavet. 

Fotograf: Brekke Iden/Lorentzen/HI

Linn kartlegg kvalar med å lytta til kvalsongen

Kva kvalar er kor kva tid? Det var spørsmålet. Svaret fann Linn ved å lytta til kvalpreik i månadsvis.  

Om lag så langt sør ein kan koma på denne kloden, ligg Sørishavet. Det er vilt, forblåst og kaldt – men slett ikkje ei øydemark. 

Kongepingviner står på strand med bølger slående inn, på Falklandsøyene i
Gjengen: Sjølv langt sør er det nokon som trivst. Her ei gruppe kongepingviner på strandtur på Falklandsøyane. Foto: Bahar Mozfar/HI 

Her finn ein fisk, kvalar, selar, pingvinar og sjøfugl. Og i midten av det heile: Ein liten sak, som minner om ei litt skjør reke. 

Den vesle saken heiter Euphausia superba på pen forskarlatin, men går elles under aliaset antarktisk krill. Og trass den smålåtne toppvekta på 2 gram, så er krillen ei superstjerne sørpå. 

Økosystemet i Sørishavet blir kalla «krillsentrert» fordi den er alle sin favorittmiddag. Blir det for lite krill, blir det langt færre av alle dei som et krillen også. 

En rød liten rekelignende sak, nesten gjennomsiktig
Stjerna: Liten og skjør, men likevel så viktig. Antarktisk krill. Foto: Oda Linnea Brekke Iden/HI 

Det var ei gong... nokre kvalar som drog sørover for å gjera seg feite 

Også menneske vil ha krill, deriblant vi nordmenn. Noreg er den største nasjonen innanfor krillfisket i Sørishavet.

Det er ei årsak til at Havforskingsinstituttet (HI) brukar krefter på forsking og overvaking av økosystemet i havområdet. 

– Det er viktig å dokumentere at det er meir enn nok krill til at alle små og store i økosystemet får eta seg mette, før vi menneske forsyner oss av overskotet, seier HI-forskar Bjørn Krafft.

mann på skip med tommel opp, trål hengende ut i havet bak
I sitt rette element: Bjørn har forska på økosystemet i verdas sørlegaste havområde i fleire tiår. Foto: Privat 

I kategorien «stor» i økosystemet, finn vi kvalen. Sørishavet er eit kvaleldorado.  

–  Vi veit at dei vaksne kvalane kosar seg med reproduksjon i tropiske farvatn, før dei så dreg til Arktis eller Antarktis. Då skal dei feita seg opp, når det er sommar i dei polare stroka. Bardekvalane som dreg sørover, et krill, forklarar HI-forskar Bjørn Krafft. 

–  Vår jobb blir då å finne ut kva type kvalar som kjem; art, kjønn og alder. Vi vil finne ut kor dei er i området og kor lenge dei blir, seier Bjørn. 

Les også: Hundre års historie i hvalenes rike

hvalfinne i sjø med iskledde fjell bak
Ein liten vink: Det er det havforskarane ser ute i felt. Foto: Oda Linnea Brekke Iden/HI 

Sniklytta på kvalsongen – avdekka kven som var kor, og kor lenge 

Når ein står på eit skipsdekk i Sørishavet, ser ein stort sett berre snurten av kvalane. Ein blåst her, nokre vinkande halefinnar der.  

Det er ikkje alltid lett å kvantifisere dei som lever under vatn og helst ikkje bør opphalda seg på land. 

Her kjem Linn Åsvestad inn i biletet. Ho har ein fersk mastergrad i marinbiologi og er no prosjektmedarbeidar på HI. 

For i 2016 og 2017 blei det plassert ut lyttebøyer på havbotnen i Sørishavet. Desse dingsane har vore havforskarane sine øyrer i havet.

Dei har teke opp mange, mange timar med lyd, som forskarane så har fått kloa i, når dei henta bøyene inn igjen. 

Smilende ung kvinne med øretelefoner på hodet ser inn i kamera. Bak henne er en PC.
Tålmodig: Linn har høyrt time på time med lydopptak frå Sørishavet, for å finna kvalsong. Ho hevdar ho ikkje har gått lei endå... Foto: Erlend A. Lorentzen/HI 

Og dersom ein, som Linn, både er god på å lytte og ganske så tolmodig – så kan ein ved hjelp av desse opptaka avsløra mykje om korleis kvardagen til kvalen artar seg.  

Kvalar er nemleg ganske pratesjuke, og dei tek seg gjerne ein trall. Berre høyr sjølv: 

Knølkvalen i Antarktis syng: 

Vågekvalen også:

Kvalane brukar lyd til å finne mat og slå av ein prat 

Tannkvalar brukar lyd for å finne mat. Kvalen sender ut klikkelydar, og når lyden treff ein potensiell matbit, blir lyden reflektert tilbake som eit ekko.

Ut frå styrken på ekkoet skjøner kvalen kvar byttet er, og slik kan han «sjå» i det mørke djupet ved hjelp av lyd. 

Dei store bardekvalane, som blåkval og finnkval, kommuniserer med lågfrekvent lyd som kan bere mange tusen kilometer. Dette hjelper desse dyra til å finne kvarandre når dei er spreidde over verdshava.

Faktisk rekk lyden så langt at om ikkje kontinenta hadde vore i vegen, så kunne ein blåkval som ropar mot vest, etter ei stund høyrt seg sjølv igjen frå aust etter at lyden hadde gått rundt jordkloden!

knølkval som hoppar opp frå havet så sjøspruten står
Knølkvalen syng: Om vinteren kommuniserer kjønnsmodne hannar med å «synge». Songane er lange og varierte. Elles er knølkvalen ein leiken art som gjerne tek seg eit spensthopp eller to. Foto: Kjell-Arne Fagerheim/HI 

(PS: Vi har to hovudgrupper kvalar. Den eine er bardekvalane, det inkluderer arter som knølkval, finnkval og sjølvaste blåkvalen. Den andre gruppa er tannkvalane, som spermkvalar og spekkhoggarar høyrer til.) 

Fire månadar med kvalprat, men ikkje lei (hevdar ho) 

Med mange timars opptak frå lyttebøyene, sette Linn seg ned for å lytte og analysere. Der blei ho sittande i vel fire månadar i strekk. 

–  Det var kjekt. Eg har ikkje gått lei, og gler meg til å gjere det igjen, når vi får inn nye opptak frå lyttebøya vi har ute no, smilar ho.

Kvinne med høretelefoner lytter til lydutslag på PC-en
Linn blei fascinert av kor ulike lydar kvalane lagar - ikkje berre pratar ulike artar ulike språk, men også enkeltindivid har sin eigen "slang". Foto: Erlend A. Lorentzen/HI 

– Dei ulike kvalartane har så ulikt språk. Faktisk sjølv mellom ulike individ av same sorten, er det variert. Eg blei fascinert av å sjå kor komplekst språk desse dyra faktisk har, og at ein kan bruka lydane deira til å skilja mellom artane. 

Innsatsen gav resultat og ny kunnskap. Ho fann at forskjellige kvalartar har ulike favorittområde.

Ved Sør-Orknøyene var det mykje finnkval. Men ho identifiserte også knølkval, sørkaper og fanga opp lyd frå tannkvalar. 

Visste du at… knølkvalen har gjort «comeback» i Antarktis?

Fenomenet El Niño fekk kvalane til å utsetja heimreisa 

El Niño er eit periodisk vêrfenomen med uvanleg høg overflatetemperatur i havoverflata, som skjer i det sentrale og austlege Stillehavet nær ekvator.

Fenomenet påverkar vêret over store deler av kloden – og, fann Linn ut, fenomenet kan også ha påverka kvalane sin retur til Tropane. 

Linn hadde lydopptak frå 2016 og 2017. El Niño gjorde seg gjeldande i 2016, og det kunne Linn sjå etterverknadane av i opptaket frå påfølgjande år. 

– Eg fann ut at bardekvalane blei verande lenger på beite i 2017. Dei drog faktisk ein månad seinare enn kva dei gjorde i 2016, seier Linn. 

isfjell i blått hav med små pingviner på
Færre isfjell? Klimaendringane vil føra til varmare vatn og mindre is i Sørishavet. Men vi veit endå ikkje korleis det vil påverka kvalane si vandring. Foto: John Elling Deehr Johannessen/HI

– Det blir spennande å sjå om dette er ein trend vi vil finna igjen i nye opptak seinare, seier Bjørn. 

– Vi veit jo at klimaendringane vil føra til varmare vatn og mindre is. Men vi veit ikkje korleis det vil påverka vandringsmønsteret eller livsstilen til kvalane. Så dette er eit interessant funn. 

Har ni-lytta til kvalar i fire månadar – no skal ho endeleg få treffe dei 

Sjølv om Linn har via fleire månadar til å lytta til kvalsong for å avdekka kvalars liv og lagnad, har ho faktisk ikkje møtt ein einaste ein. Til no. 

– Eg skal få vera med Bjørn på det årlege overvakingstoktet til HI på nyåret. Då skal eg ikkje berre lytta til kvalane, eg håpar også å både få sett og telt dei. 

to hvalfinner stikker opp av havet
Endeleg skal Linn få møta skapningane ho har lytta til i så mange timar det siste året. Foto: John Elling Deehr Johannessen/HI

Referanse 

Åsvestad Linn et. al. "Seasonal acoustic presence of marine mammals at the South Orkney Islands, Scotia Sea" R. Soc. open sci. 2024.
 

 

Sidepanel

hydrofon

Havet er slett ikkje ein stille stad;

Visste du at… fisk og kval brukar lyd til å prata, flørta og tøffa seg? 

Havet vert gjerne sett på som eit stille univers, men dette er langt frå sanninga. I vatn blir lyden leia raskare og meir effektivt enn i luft, og han ber også over lengre avstandar.

Det er difor ikkje så rart at fisk og andre marine dyr brukar lyd til å kommunisere. Under vatn kan høyrselen vere ein mykje meir effektiv sans enn synet, og denne sansen kan vere særleg nyttig på djupt vatn der det er lite lys.
 
Fisk har som kjent ingen lunger, og han lagar difor lyd på andre måtar enn menneske. Nokre fiskar lagar harde klikke- og raspelydar ved å gni finnestrålane mot kvarandre, medan andre lagar lyd ved å lage hydrodynamiske rørsler i vatnet. Andre igjen lagar ein puls ved å trekke saman symjeblæra, og dei kan til og med «rope» over lengre tid ved å gjenta desse samantrekkingane.

Det er mest vanleg at fisken brukar lyd i samspel med annan fisk. Fisken kan typisk bruke lyd når han er aggressiv, når han skal trekke til seg partnar, når han hevdar reviret sitt, når han skal gyte eller befrukte egga, eller når han går i stim.