Gå til hovedinnhold

Nedsenka merdar: Slik skal vi finne ut kva som føregår i djupna


En kuppelmerd blir senket ned under vannoverflaten

Nedsenka merdar har ein luftkuppel som let oppdrettslaksen fylle svømmeblæra si. Dette er eit illustrasjonsfoto frå tidlegare forsking frå HI. 

Fotograf: Christine Fagerbakke / HI

I dag er nedsenka merdar som ein «black box», der tradisjonell overvaking er vanskeleg. Eit nytt forskingsprosjekt skal granske kva som føregår i djupna.

Nedsenka merdar har vorte peika på som ei mogeleg løysing for nokre av utfordringane oppdrettsnæringa møter i dag. 

Oppdrettslaksen i slike merdar får nemleg betydeleg færre lakselus enn fisk i standardmerd

Men desse undervassmerdane byr også på sine eigne utfordringar. 

– Dei er som «black boxar», der tradisjonell observasjon og overvaking er umogeleg, seier havforskar Tina Oldham. 

Korleis skal røktarane halde auge med fiskevelferda, om dei ikkje får auge på fisken? 

Det nye forskingsprosjektet SafeSubmergence skal gje betre innsikt i djupet.  

Velferdsbibliotek

Det toårige prosjektet skal utvikle nye velferdsindikatorar som let oppdrettarar følgje med på fiskevelferda i nedsenka merdar ved hjelp av undervasskamera. 

Velferdsindikatorane skal ta utgangspunkt i korleis laksen oppfører seg. 

– Det er særleg tre typar åtferd som viser korleis ein laks har det: Kor hyppig han pumpar vatn over gjellene sine, korleis han sym og vinkelen på kroppen hans – om han har «slagside», forklarar Oldham, som leier forskingsprosjektet. 

Forskarane skal byggje opp eit omfattande videobibliotek som syner korleis store og små oppdrettslaksar oppfører seg i ulike miljø, og kva dette seier om velferda deira. 

Desse videoane kan oppdrettarane bruke til å lære opp kunstig intelligens til å kontinuerleg overvake korleis laksen har det – og varsle tidleg om det er fare på ferde, slik at ein raskt kan setje inn avbøtande tiltak.

«Den nedsenka laksen»

Grove estimat tyder på at opp mot 40 prosent av dagens oppdrettslokasjonar kan vere eigna for nedsenka merdar, ut frå straum-, bølgje- og djupneforhold. 

Tidlegare forsking frå Havforskingsinstituttet har peika på nokre av utfordringane på vegen: den «nedsenka laksen» veks saktare enn oppdrettslaks i standardmerd, og han har i tillegg meir snutesår.

– Men avlusing er så skadeleg og stressande for fisken, at sjølv om han i ei nedsenka merd veks seinare fordi vatnet er kaldare, så vil det truleg løne seg likevel  – både for fiskevelferda og for lønnsemda til oppdrettarane, seier Oldham. 

Den auka førekomsten av snutesår kan kome av at oppdrettsfisken kolliderer med luftkuppelen eller notforankringa i merden, noko prosjektet òg skal gå i saumane på. 

Miljødata rett i neven

All kunnskapen forskarane opparbeider vert brukt til å utvikle og teste ein strategi for dynamiske, nedsenka merdar – korleis ein kan justere posisjonen til merden ut frå lokale forhold: 

– Då kan ein tilpasse posisjonen til merden ut frå miljøomsyn der anlegget er, forklarar Oldham. 

For den dårlege oversikta i djupet påverkar ikkje berre velferdsovervakinga. Det er òg kunnskapshol om kva miljøvilkår og kva biologiske trugslar fisken kan møte i nedsenka merd. 

– Det kan vere det er færre biologiske trugslar djupare i vassøyla, seier Oldham og peikar på to potensielle trøbbelmakarar: algar og maneter. 

– Algar treng lys for fotosyntese og maneter et plankton, så det kan vere desse held seg høgare i vatnet. Dette veit vi ikkje endå, men det er noko av det vi skal undersøke.

Dei nye miljødataa og strategiane vert tilgjengelege for oppdrettarane gjennom den webaserte appen PreventLice.  

– Oppdrettarane skal få alle miljødataa rett i neven. Dette skal late dei optimalisere veksten og velferda til fisken, samstundes som dei kan overvake miljømessige og biologiske trugslar.