Gå til hovedinnhold

Digitaldag på HI


Kollasj av ubemannet farkost, ekkolodd på skjerm og drone

Ny teknologi, nye metodar for datafangst og meir datadeling er viktige stikkord for digitalisering i havforskinga.

Fotograf: Geir Pedersen/Erlend Astad Lorentzen/Maria Tenningen/Havforskningsinstituttet
Dato 06. mai 2024 12:00 - 15:00
Sted Møtelokale Pynten i Nordnesparken, HI, Bergen

6. mai får du ein smakebit på teknologiane som formar framtidas havforsking.

– Vi vil vise fram mogelegheitene som ligg i nye teknologiar og dei mange dørene dette kan opne for framtidas havforsking, seier digitaldirektør Linn Cecilie Moholt.  

HI Digital inviterer difor til ein Open dag i HIs møtelokale Pynten i Nordnesparken, 6. mai klokka 12–15.  

På plakaten står spanande miniføredrag, og tech-stands der du kan verte oppdatert på siste nytt på digitalfronten: dei banebrytande teknologiane som legg grunnen klar for banebrytande forsking.  

Selskapa Nordic USV, Sailbuoy, Saildrone, Syrenna og forskingsinstituttet Norce tek alle turen for å fortelje om korleis dei utviklar ny teknologi for å møte komplekse utfordringar – og HI Digital forteljar kva har dette å seie for havforskinga, og kva er HI er i gang med.

I HIs nye strategi er ei av hovudmålsettingane nettopp at vi skal ta i bruk ny teknologi og auke innovasjonstakta.

– Ny teknologi kan gi oss mange spennande forskingsmogelegheiter, så her er det om å gjere å vere nysgjerrig! rår Linn.

Program for digitaldagen:

  • Kl. 12.00–12.15: Velkomst m/pizza
  • Kl. 12.15–12.25: Velkomen og introduksjon, digitaldirektør Linn Cecilie Moholt (HI)
  • Kl. 12.25–12.30: Dette er OceanLink, Nina Børslien (HI)
  • Kl. 12.30–13.25: Miniføredrag frå:  Nordic USV, Syrenna (digitalt), Sailbouy, Saildrone (digitalt) og Norce
  • Kl. 13.25–13.30: Bruk av ny teknologi i bestandsovervåking, Espen Johnsen (HI)
  • Kl. 13.30–15.00: Stands og mingling

Her kan du lese meir om digitalisering i havforskinga.