Ein studie på 300 barn og ammande kvinner i ein landsby i Nepal viste at både mødrene og barna hadde gode nivå av dei marine feittsyrene ein vanlegvis får gjennom fisk og sjømat. (Foto: Shutterstock)

Bhaktapur ligg nesten 100 mil frå nærmaste hav. Likevel har nepalarane godt med marine feittsyrer i blodet. Årsakene er eit mysterium for forskarane.

–Det går tydelegvis an å ha godt med marine feittsyrer i kroppen utan å ete fisk. Vi skjøner ikkje heilt kvifor.

Det seier Marian Kjellevold, forskar ved Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES).

Marine feittsyrer i blodet utan fisk og sjømat i kosten

Ein norskleia studie på 300 barn og ammande kvinner i Bhaktapur i Nepal fann gode nivå av dei marine omega-3-feittsyrene DHA og EPA i både mor og barn. Funnet er svært overraskande sidan Bhaktapur ligg nesten 100 mil frå havet, og sidan kvinnene og barna i studien nesten ikkje har fisk og sjømat som ein del av kosthaldet.

I Noreg og i Europa er fisk og sjømat den viktigaste kjelda til marint omega-3, og ein hadde difor venta å finne heilt andre nivå av slike feittsyrer hos folk som ikkje et fisk.

–Det var veldig overraskande. Vi trudde at sidan nepalarane ikkje har fisk som kjelde til omega-3, så ville dei ha lave nivå av dei marine feittsyrene DHA og EPA. Slik var det jo ikkje. Det seier forskar Sigrun Henjum frå Høgskolen i Oslo og Akershus.

Marine feittsyrer avgjerande for vekst og utvikling

Omega-3-feittsyrer er svært viktig for barns vekst og for utviklinga av hjernen. I Noreg og i Europa elles så ser ein at det er ein klar samanheng mellom kva ein et av fisk og sjømat, og nivået av feittsyrer hos folk. Forskarane har ikkje eit klart svar på kvifor ein ikkje ser denne samanhengen i Nepal.

Forskarane trudde at matoljen kunne vere kjelda til dei gode feittsyrene, sidan over halvparten av feittinntaket til mødrene kjem frå nettopp matolje. Etter å ha undersøkt nærmare viste det seg at matoljen har svært lite plante-omega-3 i seg, så dette kan ikkje vere kjelda.

–Her er det noko som vi ikkje ser og ikkje veit. Det er rett og slett kjempespennande, seier Kjellevold.

Genetisk tilpassa lavt sjømatkonsum?

Noko av forklaringa kan ligge i at mødrene og barna i studien også hadde lavt inntak av omega-6, og det gjer at kroppen betre omdannar plantefeittsyrene til marine omega-3-feittsyrer. Dette forklarer likevel ikkje heile biletet. For å gjere mysteriet enda meir mystisk, så viste det seg nemleg at også babyane som berre får brystmjølk har gode nivå av marine feittsyrer i blodet. Dette har dei trass i at morsmjølka dei drikk er fattig på dei same feittsyrene.

–Vi kan berre spekulere, men vi lurer på om det kan vere genetiske årsaker. Kan det vere at nepalarane over så mange generasjonar har hatt så lite marine råvarer i kosten at dei har tilpassa seg genetisk? Sikkert er det i alle fall at dei, i motsetning til oss, har bra med marine feittsyrer i blodet utan at dei får det frå fisk og sjømat, seier Henjum.

 

 

Fakta:

• Artikkelen «Erythrocyte fatty acid composition of Nepal breast-fed infants» er skriven i samarbeid mellom blant andre Sykehuset Innlandet (Tor A. Strand), Høgskolen i Oslo og Akershus (Sigrun Henjum) og NIFES (Marian Kjellevold)

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer