Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Sebrafisk i kar.

Mangel på B-vitamin som folat og B12 påverkar genane til avkomet. Studiar på fisk viser at sjølv lett mangel på B-vitamin gir langt lavare fruktbarheit og svakare avkom.

– Det er viktig også for fisk å ha nok folat og andre B-vitamin før dei skal ha avkom, akkurat som på menneske. Viss ikkje så kan det få følgjer for avkommet, både når det gjeld talet på barn og helsa til barna.

Det seier Kaja Helvik Skjærven, forskar hos Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES). Ho har leia ein studie som ser på korleis mangel på vitamin B i fôret til sebrafisk påverkar både foreldra og avkommet. Sebrafisk er ein art som ein mellom anna brukar som modell for laks. Funna gjeld difor både for laks og annan oppdrettsfisk, og studien er svært relevant for oppdrettsnæringa.

Plantefôr har ikkje nok B-vitamin

Auka produksjon i oppdrett gjer at ein må fordele dei marine råvarene som ein brukar i fôrproduksjon på fleire, og difor brukar ein i større grad fôr basert på planter. Dette fôret inneheld mindre naturleg B-vitamin, og ein må difor tilsette ekstra av dei ulike B-vitamintypane. Det er då avgjerande at ein tilset rett mengde av dei forskjellige B-vitamina for å sikre velferd og helse hos fisken.

– Avkommet til foreldra med mangel på vitamin B viste seg å vere lite robuste, og dei vil lettare kunne få sjukdomar. Viss ein har ei feilernæring i tidlege stadium, så kan det få ein dominoeffekt på avkom, og det kan føre til at den vaksne fisken kan få mindre robust helse, seier Skjærven.

Graf som viser at fisk som fikk mindre B-vitamin vart mindre.

Fisk som fekk mindre B-vitamin vart mindre.

60 prosent færre avkom og fare for sjukdomar

I forsøka let forskarane foreldre av begge kjønn få fôr med svak mangel på B-vitamintypane folat, B12, B6 og aminosyra metionin. Forskarane fann for det første at foreldra vart kortare og lettare enn fisken i kontrollgruppa, og dei hadde endra samansetjing av næringsstoff i kroppen. Vidare såg dei at desse fiskane fekk 60 prosent færre avkom enn fisken i kontrollgruppa, så dei var med andre ord langt mindre fruktbare.

Når forskarane såg på avkommet, så såg embryoa visuelt fine ut, men dei hadde skjulte manglar. Ein såg at vitaminmangelen til foreldra påverka kva genuttrykk som vart produsert hos embryoa, og det vart produsert meir av genar som har med betennelse og stress å gjere. Ein såg også endringar i feittransporten.

Graf som viser at fisken som fekk for lite B-vitamin fekk langt færre embryo.

Fisken som fekk for lite B-vitamin fekk langt færre embryo.

Celledeling og genregulering

–Folat, vitamin B12, vitamin B6 og aminosyra metionin er veldig viktige for tidleg embryodanning, seier Skjærven.

Desse vitamina er viktige av mange årsaker, mellom anna på grunn av den hurtige celledelinga når embryoa utviklar seg. For at celledelinga skal fungere må det produserast nytt DNA, og B-vitamin er nødvendig for sjølve byggesteinane i DNA, nukleotidane. Skjærven utdjupar at det også er viktig på grunn av genreguleringa, som er kva genar som blir slått av eller på hos avkommet.

– Foreldra si ernæring har altså direkte effekt på barna si helse og genreguleringa deira. No undersøkjer vi vidare korleis det gjekk med avkommet i vaksen alder, og vi skal setje i gong ein større studie der vi gjer liknande forsøk på laks. Studien er støtta av Norges forskningsråd, og tanken bak er å betre helsa til laksen.

  • Fakta:
    Den vitskapelege artikkelen: “Parental vitamin deficiency affects the embryonic gene expression of immune-, lipid transport- and apolipoprotein genes” er publisert i det internasjonale fagtidsskriftet Scientific Reports.
  • Artikkelen er skriven i eit samarbeid mellom NIFES, Nord Universitet og Rikshospitalet OUS

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer