I september melde statsminister Erna Solberg at regjeringa går for å samla Havforskingsinstituttet, NIFES og Fiskeridirektoratet i eit nytt bygg. F.v. Havforskningsdirektør Sissel Rogne, fiskeridirektør Liv Holmefjord, statsminister Erna Solberg og fungrende NIFES-direktør Gro-Ingunn Hemre. Foto: Havforskningsinstituttet

Regjeringa løyver 10 millionar kroner i oppstartsmiddel til nybygg som skal husa fusjonspartnarane Havforskingsinstituttet og NIFES og Fiskeridirektoratet.

Det kjem fram av statsbudsjettet for 2018 som vart offentleg i dag. Havforskingsinstituttet (HI) og NIFES blir offisielt slått saman under namnet Havforskingsinstituttet 1. januar. Førebels er dei tilsette spreidde i ulike bygg på Nordnes. Dei ti millionane skal gå til vidare utgreiing av samlokaliseringa.

Henta ut gevinst

– Når vi etter kvart også blir buande i same hus, kan vi verkeleg henta ut den store fusjonsgevinsten, seier havforskingsdirektør Sissel Rogne som også blir direktør for det nye fusjonerte instiuttet. Ho legg til at samlokaliseringa med Fiskeridirektoratet vil gje eit betre, meir saumlaust samarbeid mellom dei to forvaltingsinstitutta.

– Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet har ulike roller, men på område som informasjon, it og dataflyt har vi mykje felles. Samlokaliseringa vil effektivisera og løfta oss på desse felta.

Val av stad står att

Å samla dei marine forskingsverksemdene i Bergen er vurdert i fleire rundar. Regjeringa har no landa på løysinga med eit nytt, felles bygg for HI og Fiskeridirektoratet, men det er ikkje bestemt kvar det nye bygget kjem.

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer