Overvaking av legemidlar i oppdrettsfisk i 2009
Analyser av legemidlar i oppdrettsfisk i 2009 har ikkje vist restar av ulovlige legemidlar, eller restar av lovleg brukte legemidlar over fastsette grenseverdiar. Overvakingsprogrammet dokumenterer difor god sjømattryggleik med omsyn på legemidlar i oppdrettsfisk.
15.03.10
Bruk av legemidlar i oppdrett Statistikken
for bruk av legemidlar til fisk i Noreg er nyleg gjort tilgjengeleg
på Nasjonalt folkehelseinstitutt sine heimesider (http://www.fhi.no/). Denne statistikken
viser ein svak auke i bruken av midlar mot bakterieinfeksjonar,
medan mengda midlar mot soppinfeksjonar og invollsparasittar har
gått noko ned. Den største auken ser ein for midlar
mot lakselus, der forbruket i 2009 var på over
5 tonn, rekna som aktiv komponent. Størst auke ser ein
for stoffa azametifos, diflubenzuron og teflubenzuron. I tillegg
vart det nytta hydrogenperoksid til å fjerne lus frå
fisken. Desse legemidlane er alle godkjende til bruk på
matvareproduserande dyr etter gjeldande retningsliner.
Analyser av legemidlar i fisken
I 2009 undersøkte NIFES om lag 9000 prøvar med omsyn
på ei rekkje ulike stoff. For lusemidlar vart det for 2009
undersøkt prøvar frå til saman 725
fisk. For stoffa diflubenzuron og teflubenzuron, som
det har vore fokus på i det siste, vart det undersøkt
prøvar frå til saman 145 fisk. I dette
overvakingsprogrammet er det ikkje påvist restar av ulovlege
legemidlar, eller restar av lovleg brukte legemidlar over fastsette
grenseverdiar. Overvakingsprogrammet dokumenterer difor god
sjømattryggleik med omsyn på legemidlar i
oppdrettsfisk, sjølv om bruken av nokre slike midlar auka i
2009.
Overvakingssystemet for legemidlar
For å sikre at oppdrettsfisk til konsum ikkje inneheld restar
av lovleg bruke legemidlar i helseskadelege konsentrasjonar, eller
restar av ulovlege legemidlar, har Noreg eit kontrollsystem som er
i samsvar med internasjonale retningsliner på området.
Dette systemet baserer seg på fleir komponentar, mellom anna
kontroll med og registrering av legemiddelbruk, etablering av
tibakehaldstider som sikrar at fisken berre kan slaktast etter ei
fastsett tid etter avslutta medisinering, og analytisk kontroll for
restar av legemidlar. Når det gjeld analytisk kontroll
er Noreg gjennom internasjonalt regelverk (EU-direktiv 96/23)
forplikta til å overvaka innhaldet av ulike legemidlar og
miljøgifter i oppdrettsfisk. Regelverket gir
retningsliner for talet på prøvar som skal analyserast
og kva ein skal analysere for. Prøveomfanget vert
fastsett både på bakgrunn av produksjonsvolumet
av fisk og forbruket av legemidlar. Retningslinene gjeld
ikkje berre oppdrettsfisk, men og andre husdyr og produkt av desse.
Mattilsynet har ansvaret for prøvetakinga, mens NIFES
utfører analysar og står for rapporteringa. Systemet
vert overvaka og revidert av EFTA sitt overvakingsorgan (ESA).
Resultata frå overvakninga vert publisert i offentleg
tilgjengelege rapportar og vert lagde ut på www.nifes.no.
Les også saken på:
Mattilsynets hjemmesider:
Mattryggheten ivaretatt tross økt bruk av midler mot
lakselus
Folkehelseinstituttets hjemmesider: Økt
forbruk av midler mot lakselus i norsk fiskeoppdrett i fjor
Kontaktperson: Bjørn Tore
Lunestad
Telefon: +47 975 96 245
E-post: blu@nifes.no
Relaterte saker:
Lusemidler og mattrygghet
Rapport 2008: Analyser av medisinrester, forbudte og forurensende
stoffer i oppdrettsfisk
|